torsdag 4. desember 2008

Åse- Marie Nesse

Legg ikkje ditt liv i mi hand

Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind
-
legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer
-
legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil
-
legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman
-
men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv

-
"og ingenting går tapt. Dikt i utvalg"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar